Ledig stilling som kyrkjetenar og reinhaldar

Fedje sokn skal tilsetja kyrkjetenar og reinhaldar i 25% stilling, med verknad frå 1. juni 2021.

Fortrinnsvis ønskjer vi at same person har begge funksjonane. Vi søkjer deg som er glad i kyrkja og som ønskjer å bidra til god trivsel for alle som oppsøkjer kyrkjerommet.

Kyrkjetenar sine oppgåver:

  • Delta i gudstenester etter oppsett plan.
  • Delta i gravferder, bryllup og andre kyrkjelege handlingar etter behov.
  • Høgtidsringing til jul, påske og pinse.
  • Ringing med kyrkjeklokkene i samband med dødsfall.
  • Utføra oppgåvene i samsvar med stillingsinstruks.

Reinhaldar sine oppgåver:

  • Reinhald av kyrkja etter oppsett plan og instruks.
  • Reinhald av toalett i bårehus.

Løn etter tariff. Tilleggsløn for helgearbeid og høgtidstillegg. Medlemsskap i offentleg pensjonsordning. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til soknerådsleiar Anna Marit Storemark på telefon 993 64 828 eller kyrkjeverje Leif Arne Økland på telefon 400 65 231.

Søknad med referansar vert sendt til kyrkjekontoret på epost: post.fedje@kyrkja.no eller i vanleg post til: Kyrkjekontoret, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje.

Søknadsfrist: 30.april 2021.

Kontaktinformasjon for Fedjekyrkja

Adresse: Stormarkvegen 49
5947 Fedje

Besøksadresse: Stormarkvegen 8

Opningstider:
Onsdag og torsdag kl. 09.00 - 12.00

post.fedje@kyrkja.no

Tlf: 951 57 569 (bruk kontortid)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"